OsloFOLK slår på stortromma og inviterer til konsert med fleire av verdas ypperste folkemusikarar! Trioen Molsky/ Marin/ Egeland representerer tre land, tre tradisjonar og tre utøvarar som gjennom tiår har vore formidlarar, førebilete og stilidol. Bruce Molsky frå USA spelar oldtime, den opprinnelege bluegrassen, og har ein groove i spelet sitt du ikkje trudde var mogleg frå berre ein mann. Mikael Marin er m.a kjent frå suksesstrioen Väsen, ei av sveriges største eksportvare dei siste tjuge åra. Ånon Egeland er mannen som har inspirert ein heil generasjon nordmenn og svensker med sine fengande slåttar og suggererande spel. Kritikerroste og prisbelønte Le Vent du Nord frå Quebec i Canada representerer ein tradisjon med slåttar av ein slik art at ynskjet om meir bankar i brystet på publikum. Med energiske, lystige, vakre og fengande arrangement formidlar dei det gamle materialet, med den karakteriske firstemte, franske songen og fotperkusjon. For dei fire musikarvenene er kvar konsert som ein samankomst rundt kjøkkenbordet ein laurdagskveld med latter, mat og drikke og god stemning, og dei inviterer gjerne publikum med!


Bruce Molsky - fele, gitar, banjo
Mikael Marin - fele, bratsj
Ånon Egeland - feler, munnharpe

Le Vent Du Nord:
Olivier Demers - fele, tramp, vokal
Nicolas Boulerice - dreielire, piano, trekkspell, vokal
Simon Beaudry . gitar, bouzouki, vokal
Réjean Brunet - torader, bass, piano, vokal