Danseslåttar frå ytre Romsdal
Publikum kan vente seg energiske og briljante runddansslåttar med muntre trillar og spretne bogestrøk når Jorun Marie og Øyvind slepp plata «Tidens Løsen» på Riksscenen denne kvelden.
Slåttane på plata er i tradisjon etter spelemannen Ole P. Blø (1920-2010) frå Midsund i Romsdal. Runddansen kom tidleg til øysamfunnet, noko som kan vere medverkande til at slåttane og spelemåten på mange måtar skil seg ut i dagens norske gamaldanslandskap. Jorun Marie speller med m.a Tindra, Majorstuen og Unni Boksasp Ensemble og er kjent som ein usedvanleg kreativ utøvar med stor formidlingevne. Øyvind er kjent frå m.a. gruppene Nordafjells og Sol i skuggeskog, men og som soloutøvar med fleire topplasseringar frå landsfestival og landskappleik, flittig bruk til kursing, konsertering og dansespel. Denne kvelden er det fiskarbonden Ole Blø sitt humørfyllte, luftige og virtuose danserepertoar som står på programmet.

Jorun Marie Kvernberg – fele
Øyvind Sandum – trekkspel/torader