Det har gått fire år sidan førre album med denne leikande og forførande gjengen. Siden den gong har dei mellom anna vore med på eit suksessfullt viseprosjekt, Fjellblomen, samt hatt tre ulike speleprosjekti Namibia og Malawi. Nå er det nye albumet her, Tonekratt, som gir oss eit underfundig og svermerisk møte mellom folkemusikk, jazz og litt rock. Det er låtmateriale frå Ottadalen, Trøndelag og Sogn, samt nokre svenske innslag, og viktige slåttekjelder er Hans W. Brimi, Hilmar Alexandersen og Amund Bjørgen. Tonekratt er eit oppglødd album der Svermere farer fram både varsomt og energisk med tradisjonsmusikken.

 

Aslak O. Brimi - fele

Svein Tore Werstad - saxofon

Torbjørn Netland - gitar

Eirik Mathias Husum - bass

Eirik Hoff Walmsness - trommer