Emilia Amper, kåra til verdens beste nøkkelharpespeler i 2010, samt Årets Folkemusiker i Sverige 2013, er aktuell med det kritikerroste albumet “Trollfågeln”. Med kjærleik og gehør blander ho sin kunnskap om tradisjoner med viljesterk utforsking av musikalske moglegheiter. Saman med Trondheimsolistene ga ho ut albumet In Folk, som vart dobbelt nominert til svensk Grammy, rockelegenden Jon Lord frå Deep Purple skreiv ei låt til Emilia som er å finne på albumet Beyond the Notes. Ho har samarbeid med folkemusikkstjerner som Johan Hedin, Ale Möller, Susanne Rosenberg og spelt med danseforestillinga Dans med Vuxna. Hit kjem ho med tradisjonelle og nyskreve låter, eit fargerikt, lekent og rytmisk lydlandskap med nøkkelharpe og vokal i møte med eit slagverksfokusert folkemusikkensemble og ein strykekvartett - frå nettopp Trondheimssolistene. Variert, fritt, friskt og virtuost!

Emilia Amper - nykkelharpe, song
Olle Linder - perkusjon
Dan Svendsson - perkusjon
Strykekvartett frå Trondheimssolistene