PLATESLEPP! 
 

Duoen Frøholm/Tillung gav ut sitt debutalbum Eins i 2009, og har dei siste åra turnert jamnleg både i Sør-Norge og i Skottland. Sommaren 2013 starta dei samarbeidet med jazzbassist Ellen Brekken i samband med ein festival i Danmark, og dei starta straks med produksjon av materiale til eit album. Resultatet av arbeidet dei har lagt ned denne vinteren vert å høyre på Riksscenen denne torsdagen. Der vil du få høyre alt frå røffe springarar som røskar i beinmargen til sukkersøte bruremarsjar; alt i trioen sine eigne finurlege og leikne arrangement.
 
Repertoaret er ei blanding av tradisjonsmateriale frå Sogn og Fjordane og nykomponerte slåttar i folkemusikalsk stil. Musikken har óg element av improvisatorisk musikk, og trioen har utvikla eit eige karakteristisk uttrykk. 
Frøholm og Tillung har tidlegare motteke gode kritikkar og spesielt blir deira tette samspel og spennande, gjennomarbeida arrangement blitt framheva. Med jazzbassist Ellen Brekken på laget har dei no fått eit endå breiare register å spele på i sitt lydbilde. Ellen Brekken er kjent frå m.a. Hedvig Mollestad Trio som var nonimert til årets Spellemann i klassen for rock. 
 
MAAR er
Britt Pernille Frøholm - feler
Irene Tillung - trekkspel
Ellen Brekken - kontrabass