Tett på

Tirsdag 6. mars: Tett på Ragnhild Furholt og Vidar Lande

03

Dørene åpner: 19.30 Konsertstart: 20.00
Billettpris: 150 / 100
Kjøp billett

Kvedar Ragnhild Furholt frå Songdalen i Vest-Agder og spelemann Vidar Lande frå Bygland i Aust-Agder er to sentrale utøvarar av det rike repertoaret frå Agder.

Ragnhilds song ber fram dei små, fine detaljane, og med si dårmrike røyst har ho vunne fleire landskappleikar i vokal folkemusikk. Ho har vore lærar for mange av dagens fremste unge kvedarar på folkemusikk-studiet i Rauland.
Vidar Lande er eit oppkomme av slåttar og slåttekunnskap. Spelet hans er forma av stilen i Setesdal, med ein varm, klar og mørk feletone som legg stor vekt på det melodiøse i slåttane. Vidar har gitt ut fleire publikasjonar, mellom anna boka ”Slåttar og spelemenn i Bygland”, eit solid verk om spelemenn og slåttar frå heimstaden. Lande har arbeidd som førsteamanuensis i filosofi ved Universitet i Oslo og Høgskolen i Telemark.

Adresse/kontaktinformasjon

Riksscenen.no, Besøk / visit: Schous Kulturbryggeri, Trondheimsveien 2, Oslo, Post: Postboks 4784, Sofienberg, N-0506 Oslo, Norway, , Org.nr.: 991497137