Dei tre musikarane starta opp bandet med felles respekt for tradisjonelle låtar og songar, men oppdaga fort at dei hadde ein kjærleik for å bryte med tradisjon og erstatte det med innovasjon. Resultatet vart eit uttrykk som både provoserer og imponerer, noko som mellom anna førte til at dei mottok den prestisjetunge prisen Danny Kyle Award under Celtic Connections. 

 

“Fallen angels pursuing demons ... a compelling take-no-prisoners style- The Scotsman

 

Trioen hentar inspirasjon frå mange stader, der tradisjonell skotsk folkemusikk, austeuropeisk sigøynermusikk, amerikansk old-time og progressiv jazz er mest framtredande, og det er når alle instrumenta blandar seg saman med stemmeprakten frå alle tre at ein kakafoni av glede sprer seg i musikken. 

Vel møtt til ein energibombe av ein trio, The Langan Band!


 

John Langan – vokal, gitar, perkusjon
Alastair Caplin – fele
Dave Tunstall – kontrabass