The Goodbye Girls
Med kjerne i Boston, Massachusetts, kjem ein ny spennande kvartett med medlemmer frå USA, Canada og Sverige som starta bandet grunna felles kjærleik for old-time, tradisjonell bluegrass og svensk tradisjonsmusikk. Lena Jonsson Allison de Groo, Brittany Karlson, og Molly Tuttle er kvar for seg blant dei beste musikarane ein finn der ute i verda, og saman lagar dei musikk som er både frisk og forfriskande, spennande og full av energi.
Med fleire internasjonale turnear i beltet, og spelejobbar på store festivalar som Newport Folk Festival og Stockholm Folk Festival,
kom dei seg opp til #1 på «Americana airplay direct charts».

Molly Tuttle – gitar og vokal
Lena Jonsson – fele
Allison de Groot – banjo
Brittany Karlson – kontrabass
 
Andris Hemsing Trio
Før konserten med «The Goodbye Girls» får me eit knippe låtar av ein heilt ny trio! Det er fele- og hardingfelespelemannen Andris Hemsing frå Valdres som har komponert og arrangert musikk, men trioen (?) er så fersk at i skrivande stund veit me ikkje om det er ein trio eingong. Men at Andris og nokre strålande medmusikantar kjem – det veit me.

Andris Hemsing – hardingfele, fele
Espen Wensaas – gitar
TBA