Lars Fykeruds triumf og tragedie
Per Anders Buen Garnås og Hallgrim Berg er kjente utøvarar i folkemusikk- kretser. Fyrstnevnte har vore å finne øvst på resultatlista frå haugevis av kappleikar og konsertplakatar dei siste ti åra. Trass sin unge alder er han kjent for å væra ein sterk tradisjonsbærar og historiefortellar, og er kjent frå prosjekt som Warg/Buen, Hått og Byting. Hallgrim Berg er au kjent som historieforteljar, både med pennen og kjeften. Han speler munnharpe, er både kappleiksdommar- og lyttar, og er opptatt av at ord og tone skal klinge saman.
Lars Fykerud (1860-1902) er eit felles førebilete for desse to, samt tema for denne konserten. Han var si tids Elvis i Telemark og det hardingfeleinteresserte Noreg og Amerika. Som stilskapar, scenekunstnar, showman, dansespelmann og kappleikvinnar ga han hardingfelespelet status og posisjon i den norske nasjonsbygginga mot slutten av 1800- talet, og fekk sjølv legendstatus etter tre Amerikaopphald.