Knut Hamre, meisterspelemannen frå Hardanger, førebiletet og læremeistaren, har med seg Benedicte Maurseth; elev, men og ein framifrå utøvar som i mange år har stått på eigne bein og markert seg i musikknoreg gjennom ulike prosjekt. I vår ga Benedicte ut boka “Å vera ingenting”, ei bok som handlar om nettopp Knut Hamre - meisterspelemannen og læremeistaren. Ei sterk bok som har hausta gode omtalar. No kjem dei til Riksscenen for å dele historier, opplevingar og ikkje minst den store felles lidenskapen: musikken frå Hardanger! Tett På- vert denne gongen er Steinar Ofsdal som vil leie konserten og samtala på scenen med musikarane.