Riksscenen nyproduksjon
01
søndag
28
jan. 2018
Dørene åpner 1400
Konsert 1500
Billett 200/130
ARRANGEMENTET ER AVLYST

Tett på

Tellef Kvifte og Guro Kvifte Nesheim

Det er klart for eit dykk ned i ein lokal familietradisjon frå Oslo når Guro Kvifte Nesheim tek med seg far sin, professor i folkemusikk Tellef Kvifte, til eit møte “Tett på” her på Riksscenen. Guro har blitt flaska opp med musikk, og då særleg folkemusikk av faren sidan ho kom til verda, og har sjølvsagt blitt folkemusikar sjølv. Korleis dette har påverka liva og valga dei har gjort, og kvifor multiinstrumentalisten Tellef er kjend for å spela på alle moglege instrument bortsett frå fele medan dottera Guro er felespelar, får me kanskje svaret på denne ettermiddagen.  

Tellef Kvifte har vunne Spellemannprisen som musiker eller produsent heile fem gonger og har vore ein sentral del av norsk musikkliv i over 50 år! I folkemusikkmiljøet er han kjent fra legendariske Slinkombas på 70- og 80-talet, Chateau Neuf Spellemanslag på 90-tallet, og den halvelektroniske trioen Lucky Loop i dette årtusenet. I løpet dei seiste par åra har han sjølv gjeve ut to soloplater, ein med sekkepipe og ein på sjøfløyte, og er i tillegg aktuell som produsent av plata “Sorpesoll”, av Ånon Egland og Mikael Marin, som mottok Folkelarmpris 2017.

Guro Kvifte Nesheim har spelt hardingfele sidan ho var sju, etter fleire års masing, og hadde Landskappleiken som årets høgdepunkt frå ung alder. Ho hadde, i tillegg til interessa for det tradisjonelle uttrykket, ein fascinasjon og dragning mot musikk frå andre land og verdselar. Denne interessa førte truleg Guro til å studere verdsmusikk ved “Högskolan för Scen och Musik” i Göteborg, og med alt det i ryggen har ho spelt solokonsertar, duokonsertar, vore med i fleire konsept og band og er no aktuell med GKN5 (Guro Kvifte Nesheim Kvintett) som kjem med debutskive våren 2018.

Som vanleg er bademeister Ola E. Bø på plass for å føre oss enno nærare dei to og musikken deira med ei samtale etter konserten.

Tellef Kvifte - Valfritt
Guro Kvifte Nesheim - fele, hardingfele

 
#4001261