Susanne Lundeng & Engegårdkvartetten
Månadens artist Susanne Lundeng kjem denne kvelden med Engegårdkvartetten og musikk frå albumet ”Et steg ut” som vann FolkeLarmprisen i Åpen klasse i 2014. Susanne har sjølv skrive kvar tone i verket med den nordlandske folkemusikktradisjonen og hennar eige instrument som kjerne og utgangspunkt. Susanne har i verket helde på sin heilt personlege musikalske karakter og kombinert med stykekvartetten sin rikhaldige klang blir dette spanande samtidsmusikk. Susanne sine medmusikantar Engegårdkvartetten er eit av landets mest etterspurde strykekvartettar med fleire utgjevingar bak seg og konsertering i inn- og utland.

Om albumet ”Et steg ut”

”En høyere enhet”, Arvid Skancke-Knutsen, Klassekampen, 23. juni 2014
”Feiende frekt”, Olav Solvang, Vårt Land, 20. juni 2014

Susanne Lundeng - fele
Arvid Engegård - 1. fiolin
Alex Robson - 2. fiolin
Juliet Jopling - bratsj
Jan Clemens Carlsen - cello

Kristine Valdresdatter
Filmen Kristine Valdresdatter frå 1930, regissert av Rasmus Breistein, er Noregs seiste stumfilm. Aase Bye og Tore Foss har hovudrollene i dette nasjonalromantiske dramaet, men også spelemannen Sigurd Eldegard har ein sentral karakter i filmen. Kristine Valdresdatter var opprinneleg ein roman av den norsk-amerikanske forfattaren Hans Andersen Foss. Handlinga spinn rundt ein engelsk lord, ei ugift jente og omgangskretsen hennar i Vang i Valdres. Det vert dramatikk, kjærleik og kjærleikssorg, fyll, slåssing og felespel, alt pakka inn i ein særs romantisk setting.Hilmestemnet gav i 2013 Anders Erik Røine oppdraget med å lage ny musikk til Kristine Valdresdatter, noko som resulterte i tingingsverket med same navn som vart framført same år. Verket har blitt finpussa og vert spelt inn på plate mot slutten av 2014, med utgjeving våren 2015.

Anders Erik Røine - gitar
Marit Karlberg - sang
Sondre Meisfjord - bass
Hans Hulbækmo - trommer