Sidan debutskiva " Sudan Dudan " i 2006 har duoen gjeve ut tre kritikerroste plater og hausta stor åtgaum i både inn- og utland for dei fantastiske låtene og dei originale arrangementa dei har laga til dei. Amerikanske og afrikanske musikktradisjonar kombinert med bearbeidet musikk frå Valdres har synt seg å vera ein strålande miks som både publikum og presse har sett stor pris på.

«Det funkler av deres strengespill, henholdsvis langeleik og gitar, og deres stemmer skaper noen av de fineste duettene på denne siden av Atlanteren.» – Carl Petter Opsahl / VG gjev terningkast 6 for albumet «Inntil i dag»

Utover sine egne plater har duoen laga filmmusikk til stumfilmen «Kristine Valdresdatter» saman med trommeslagaren Hans Hulbækmo (Broen, Atomic o.a.) og bassisten Sondre Meisfjord (Come Shine, Trondheim Jazzorkester o.a.). Duoen har også spelt konsertar på m.a. Vinjerock, Sommerfesten på Giske og Øyafestivalen og turnert i inn- og utland.

«När Marit Karlberg sjunger norska folkvisor och Anders E. Røine kompar på akustisk gitarr och/eller banjo tror man verkligen att countrymusiken måste ha fötts i Norge och kommit till Amerika med norska utvandrare.» – Bengt Erikson, Rootsy

 

Marit Karlberg – vokal, langeleik
Anders Erik Røine – vokal, gitar, munnharpe