ARRANGEMENTET ER AVLYST

Med splitter ny plate i handa kjem Sudan Dudan attende til Riksscenen!

SUDAN DUDAN

Sidan debutskiva «Sudan Dudan« i 2006 har duoen gjeve ut to kritikarroste plater og hausta stor åtgaum i både inn- og utland for dei fantastiske låtane og arrangementa dei har laga. I desse dagar kjem altså nummer fire i rekkja, ei skive som skal fylgje opp gjennombrotet deira, «Inntil i dag» frå 2012.

«Det funkler av deres strengespill, henholdsvis langeleik og gitar, og deres stemmer skaper noen av de fineste duettene på denne siden av Atlanteren.»
– Carl Petter Opsahl / VG gjev terningkast 6 for albumet «Inntil i dag»

Etter det har duoen laga filmmusikk til stumfilmen «Kristine Valdresdatter» saman med trommeslagaren Hans Hulbækmo (Broen, Atomic o.a.) og bassisten Sondre Meisfjord (Come Shine, Trondheim Jazzorkester o.a.). Duoen har også spelt konsertar på m.a. Vinjerock, Sommerfesten på Giske og Øyafestivalen og dessutan turnert i inn- og utland.

«När Marit Karlberg sjunger norska folkvisor och Anders E. Røine kompar på akustisk gitarr och/eller banjo tror man verkligen att countrymusiken måste ha fötts i Norge och kommit till Amerika med norska utvandrare.» – Bengt Erikson, Rootsy

Marit Karlberg – vokal, langeleik
Anders Erik Røine – vokal, gitar, munnharpe

 

#3747767