Riksscenen inviterar til uoffisielt Noregsmeisterskap i folkemusikkquiz
laurdag 21. oktober kl 16.00-19.00 (gratis)

 Det skal tevlast i tre rundar samt bonusrundar med tre ulike quizmeisterar, kvar med sine spesialfelt i enten tid eller rom. Kven desse er vert ikkje avslørt før moroa set i gang, men det kan fort bli spørsmål om spel, kveding, dans, eldre instrument, kontemporær folkemusikk, spelemannssoger og andre generelle eller spesielle spørsmål om levande eller avlidne folkemusikarar. Med andre ord, den som ser fær sjå!

Vinnarlaget etter dei tre rundane får blant anna napp i ein nyoppsett vandrepokal der navnet på laget og årstalet vert gravert inn på ein nydeleg plakett. Alle dei tre laga som endar opp på sigerspallen får premiar, og ingen av dei skal gå tørrskodde heim denne kvelden.

Samle saman inntil fire sylskarpe personar til eit lag og meld det på med navn på lag og deltakarar til camilla@riksscenen.no

 NB: Det er plass til eit avgrensa antal lag, så ikkje vent med for lenge med å sende inn påmeldinga

 Quizmeistarane sin identitet avslørast sjølvsagt ikkje før det store slaget brakar laus!

Dansefest!
Frå klokka åtte vert det storstilt dansefest med herleg musikk frå minst fem ulike tradisjonsområde. Det vert polska med den legendariske spelemannen Per Gudmundsson, kjend frå gruppa Frifot m.m, hallingspringar til tonar av Anders Lunden Herfoss, telespel ved plateaktuelle Kjell Chr. Midtgaard, Austlandet representerast ved Sigrid Stubsveen medan dronninga av Jølster, Synnøve Bjørset, tek seg av dansespel frå Vestlandet og Valdres.

Her vert det altså dansespel frå store delar av landet, så det er berre å finne fram dansesko og ta turen.
Riksscenen som stiller med spelemenn frå øvste hylle og kanskje landets beste dansegolv!

 Per Gudmundsson – fele
Kjell Christian Midtgaard – hardingfele
Anders Lunden Herfoss – torader
Synnøve  Bjørset – hardingfele
Sigrid Stubsveen  – fele