Steinar Ofsdal er ein av dei store formidlarane av musikk og folkemusikk her i landet gjennom over 50 år! Han har spelt på fløytene sine over heile verda, både som solist, i ymse duoformat, trioar, kvartettar og større ensembler. Han har gjeve ut 15 eigne skiver og fem med Bukkene Bruse. I tillegg medverkar han på rundt 250 (!!) plater med artistar frå Cornelis Vreeswijk, Lillebjørn Nilsen, Odd Norstoga og Jan Eggum til Secret Garden, Gatas Parlament, Jahn Teigen og Borknagar, altså ein breidde særs få fløytespelarar kan syne til.

Steinar har motteke Spellemannprisen tre gonger, fekk Gammleng-prisen i 1999, Egil Storbekkens musikkpris og Hilmar Aleksandersens musikkpris for å nevne noko.

I kveld får vi høyre Steinar heilt solo, utstyrt med eit arsenal av fløyter og andre instrument han måtte finne på å dra med seg til Schouskvartalet denne laurdagen.

Steinar Ofsdal - fløyter m.m.