Ein sauebonde, dansar og felespelar frå Stryn og ein gitarist frå Sandane! Arne M. Sølvberg er ein nestor innan norsk folkemusikk, noko merittlista hans skulle tale for: H M Kongens fortjenestemedalje, hedersmedlemskap i FolkOrg, Kulturprisen for Stryn ++. Han har vunne landskappleiken med både fele og dans, og motteke statens kunstnarstipend i to periodar. Han har undervist på med anna Ole Bull Akademiet, og gjett ut ei rekke album, seinaste er “Ny glød” frå 2013. Øyvind Lyslo er klassisk gitarist utdanna frå Griegakademiet, NMH og Musikkhøgskulen i Frankfurt. Dei siste 25 åra har han komponert, arrangert, lært bort og utøvd musikk over heile verda, frå Venezuela til Øst- Timor. Han er kjent frå “Den Norske gitartrio” og frå samarbeid med artistar som Linda Øvrebø, Bjarne Sætre, Alfonso Montes og den amerikanske gitaristen Mike Gallaher. I 1990 var Arne og Øyvind sitt duoalbum “Syngande strenger” nominert til spelemannspris.

Dei deler ein konsert der dei sjølve får presentere seg gjennom låtvalg og historiar, og i tilegg vert det frå scena ei samtale med artistane og Ola E. Bø, vår eigen folkemusikkbadevakt!