To stilskaparar, to naboland, to institusjonar! Ånon Egeland er fyrst og fremst kjent som utøvar på hardingfele, fele og munnharpe, med eit musikalsk uttrykk som er velkjent og ettertrakta i heile Skandinavia! Han er lærar på folkemusikkstudiet i Rauland og var i si tid med å starte folkemusikklina på Fagernes. Mikael Marin er kjent frå den smått legendariske trioen Väsen som har turnert verda rundt dei siste 20 åra. Han er lærar ved den Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og har inspirert ein heil generasjon av folkemusikarar. Med si femstrengsfele er han kongen av stemmespel!