Månadens artist Erlend Apneseth er akutell som vinnar av Grappas debutantpris og med eit rykande ferskt album. Erlend er garva tradisjonsbærar av musikken frå heimbygda Jølster,  men har samtidig lukkast i å etablere seg med eit meir moderne uttrykk. Då med kveldens andre utøvar som eit av fleire store forbilder: Nils Økland er kjent for dei fleste som ein pionèr og brubyggar med sin samtidsmusikk på hardingfele og Viola D`Amore,  med ei lang karriere og ei rekkje kritikarroste album bak seg. I denne utgava av Tett På får vi oppleve desse to i eit spennande møte mellom tradisjon og nyskaping.