To vestlendingar, eit trekkspell, eit trøorgel, humor, sjarme, lidenskap og stor virtuositet. Folketrekkspelaren Linda Gytri frå Oldedalen i Nordfjord fekk i 2012 strålande kritikk for sitt debutalbum, Umbra, fyllt av hennes eigne låter. I musikken hennar er det rom for både ettertenksam melankoli og friske vindpust, formidla i sikker og særeigen stil. “Trekkspel er ikkje berre trekkspel, men også ei kjelde til draumar og musikalske landskap å sveve avgarde i”. Ho er tidlegare norgesmeister i trekkspell og har studert folkemusikk ved både Ole Bull Akademiet, Sibeliusakademiet i Finland og Høgskulen i Telemark.
Sigbjørn Apeland er utdanna kyrkjemusikar frå Rogaland musikkonsertvatorium, har doktorgrad i etnomusikologi frå Bergen, og er førsteamanuensis ved Arne Bjørnsdals samling. Han er kjent som ein trøorgelets mann, med føttene i både folkemusikken, kyrkjemusikken og improvisert musikk. Han er kjent m.a for samarbeid med Nils Økland, Sigrid Moldestad, Berit Opheim og Synnøve Bjørseth, og for soloalbumet Glossolalia frå 2011. Ein uredd og mykje brukt musikar, med eit umiskjenneleg uttrykk.