Socks in the Frying Pan

Vi feirar St.Patricks day på Riksscenen med den prisvinnande trioen “Socks in the Frying Pan” frå County Clare på vestkysten av Irland, eit område som av mange vert reikna som det universelle knutepunktet for tradisjonell irsk musikk. Deira dynamiske vokalharmoniar, musikalske virtousitet og strålande liveopptredenar har fengsla publikum verda over og ført til at trioen er blant dei mest ettertrakta gruppene frå den grøne øya i dag.
Den unge trioen, med det relativt rare navnet, spelar tradisjonelle irske låtar tilført sine eigne personlege uttrykk. Dette har dei lukkast særs bra med og miksen deira har ført til strålande kritikkar verda over og utmerkingar som “New band of the year” av Irish Music Association. Bandet har turnert rundt i USA ved fleire høve og spelt på alle dei store festivalane med irsk musikk der borte i tillegg til hyppige turnear i heimlandet og Europa.  

Ta med instrument til Riksscenen denne kvelden, det vert irsk jam utover dei små timar etter at konserten er ferdig.
 
Aodán Coyne - vokal, gitar
Shane Hayes - trekkspel
 

Anders Lillebo Trio er bygd rundt det komande plateprosjektet til trekkspelaren Anders Lillebo frå Engerdal i Hedmark der han fokuserer på tradisjonell irsk folkemusikk. Han har budd på den grøne øya i lengre perioder, og opparbeida seg eit stort repertoar av låtmaterialet derifrå på jamsessions m.m. Dette materialet skal spelast inn i studio i mai, og i høve St. Patricks Day tek Anders med seg fele- og mandolinviritousen Olav Christer Rossebø og pianisten Jack Talty som utgjer trioen.

 

Anders Lillebo - trekkspel
Olav Christer Rossebø - fele, mandolin
Jack Talty - piano