Det er duka for plateslepp når Sivert Holmen kjem til Riksscenen. Med seg har han Jotunheimen, ei rykande fersk plateutgjeving som samlar mange av dei beste og mest særmerkte låttane ein har i Valdres-tradisjon. Dette er Sivert si fyrste soloutgjeving. 

Sivert Holmen er ein av dei fremste formidlarane av tradisjonelt slåttespel på hardingfele. Med Valdres som heimstad er det tradisjonen derfrå som alltid har stått i fokus, og Sivert kombinerer klangen og tonen frå det ypparste innan hardingfeleverda med råskapen i Valdresspringaren. Vare lydarlåttar der tida nesten stoppar opp og springarar ein umogleg kan stå stille til dannar kjernen i uttrykket hans.
Sivert har vunne prisar og utmerkingar som Fureprisen (2016), Øivind Berghs minnepris (2017) og årets unge folkemusikar (2015, med Bjørn Kåre Odde). 

Sivert Holmen - hardingfele