Det nærmar seg juletid, og OsloFOLK avslutter året, tradisjonen tru, med juledans! Vi byr på ei passe dose julestemning, men her er det dansen, musikken og den gode stemninga som er i fokus! Tre habile utøvarar, alle blandt dei ypperste i sitt felt, deler kvelden mellom seg og sørger for fyrsteklasses musikk, både for dansing og lytting. Valdres, Gudbrandsdalen og Røros er hovuddistrikta denne kvelden, og både runddansen og bygdedansen vil bli representert. Ikkje bli overaska om vertskapet frå OsloFOLK slår på strotromma og varter opp litt ekstra denne kvelden, det har vårt flotte publikum fortjent! Velkommen til ei musikalsk vitamininnsprøyting i førjulstida, ta med danseskoa!

Øyvind Sandum - toradarar
Laura Ellestad - hardingfele
Jørgen Nyrønning - fele