Ryan Young tek nye impulsar inn i den tradisjonelle skotske musikken med felespelet sitt, og har motteke mengder med utmerkingar samt både nasjonal og internasjonal ros for sine fengslande tolkningar. 

“5/5 …a force of nature”  – The Scotsman

Ryan har ein master i musikk, og debutalbumet hans frå 2017 vart spelt inn av ingen ringare enn fire ganger GRAMMY-vinner Jesse Lewis, som har jobba med  m.a. Bela Fleck og Yo Yo Ma. Plata vart lansert under Feakle Traditional Music Festival i County Clare, der den unge felespelaren vart akkompagnert av den særs anerkjende gitaristen Dennis Cahill, kjend frå samarbeidet med Martin Hayes og bandet The Gloaming.

"Young’s playing is so richly expressive, channelling such deep emotion, that it feels like a dramatic performance in a theatre. It’s a remarkably mature debut album from one so young." Paul Matheson, Folk Roots 

Ryan Young spelar fyrst og fremst tradisjonelle låtar frå Skottland, men har også eit knippe eigne komposisjonar i bagasjen. Han gjev nytt liv til særs gamle, ofte gløymde låtar, og framfører dei på sin eigen unike måte. Felespelet hans har ein særeigen “dåm” som er fullt av friske melodiske idear. Materialet vert presentert med eit opplyftande rytmisk driv og store mengder dynamikk og presisjon, noko som tek tilhøyrarane med på ei emosjonell og eventyrleg reise.

“He has created his own unique way of playing and is finding great emotional depth in his native Scottish Music. Ryan Young is an up and coming musician who is gaining more and more well deserved recognition. I feel that he has the potential to make a very significant contribution to the Scottish tradition.” – Martin Hayes

 

Ryan Young – fele
David Foley – gitar