Rudl Trio starta samarbeidet hausten 2010, etter at dei fann ei felles interesse rundt kombinasjonen tradisjonell norsk folkemusikk og verdsmusikk. Dei ga ut sitt fyrste album i januar i år, og vi er stolte av å kunne presentere musikken deira her på Folk på Torsdag! Utgangspunktet for trioen er slåttemusikken frå Indre Sogn, ein tradisjon Håkon Høgemo mestrer best av alle i heile verda, kryssa med element frå Vest- Afrika og alle andre stader i verda trioen finn inspirasjon. Håkon Høgemo er tidlegare vinnar av landskappleiken, 2xspelemannsprisen og er kjent frå grupper som Utla, Gamaltnymalt, Marylands med fleir. Bassisten i bandet, Stefan Bergmann frå Göteborg, er nok mest kjent frå folkbandet “Den Fule”, som har definert arrangert folkemusikk sidan nittitalet, i tillegg til samarbeid med m.a. Solo Cissokho, Karl Seglem og det Haiti- inspirerte bandet “Simbi”. Harald Skullerud, perkusjonist og fåberging, har reist verda rundt for å studere trommetradisjonar. Han har turnert med artistar som Ouso N`jie, Wissam Murad, Niko Valkeapää, Inga Juuso, Jon Balke, Bjørn Klakegg og Anders Røine.

”Rudl er ei spennande plate og ikkje minst eit solid musikalsk handverk. Musikken kan nytast i godstolen eller som ”medisin” for å få fart på dansefoten. Rudl tek vare på det tradisjonelle, på same tid somein opnar folkemusikk døra for eit vidare publikum” 
Terningkast 5 - Sogn Avis

Håkon Høgemo - hardingfele
Stefan Bergmann - bassist
Harald Skullerud - perkusjon