Riksscenen nyproduksjon
09
onsdag
13
sep. 2017
Dørene åpner 1800
Konsert 1900
Billett 220/175
384280
ARRANGEMENTET ER AVLYST

ULTIMAFESTIVALEN

RØINE / HULBÆKMO
/ KJORSTAD-BRØRNE

Reolô – tingingsverk frå Hilme-stemnet

To særs spennande og nyskapande duoar, brørne Hans & Rasmus Kjorstad og Røine/Hulbækmo, står bak verket Reolô. Inspirert av heilt spesielle karakterar i spelemannssoga, folk i djup kontakt med både naturen og dei underjordiske, har kvartetten skapt eit underleg univers av kryptisk historieforteljing pakka inn i suggererande grooves, skakke rytmar og skeiv tonalitet.

Mangefasettert verk

Med tradisjonelle melodiar i nye klede, nykomponerte slåttar i alderdommeleg stil, nye tonar til eldre tekstar og segner og samtalar som inspirasjon til ferske kvad vert det eit mangefasettert verk.

Migrasjon

Folkemusikken har vandra over store område før, og denne turen vil streife innom både Vest-Afrika og India på vegen gjennom dalføra her heime. Kvartetten har ei enorm breidde som utøvarar innanfor eit stort mangfald av musikalske retningar, men uttrykket deira er like fullt rått og uføreseieleg, slik folkemusikkidealet dei alle forfektar, er.

Anders Erik Røine – gitar, munnharpe, langeleik
Hans Hulbækmo – perkusjon, munnharpe
Hans Kjorstad – fele
Rasmus Kjorstad – fele

Konserten på Riksscenen er i samarbeid med Ultima.

#3747767