Samarbeidsprosjektet Rímur & Saumur er initiert av vokalgruppa Trio Mediæval, som i fleire år har samarbeidd med trompetisten Arve Henriksen. Han utgjer bindeleddet i desse to prosjekta som her slår kreftene saman. Utøvarane har laga eit prosjekt dei har kalla «Rímur», der islandsk, svensk og norsk middelalder-, impro- og folkemusikk vert smelta saman. Resultatet av prosjektet vart gjeve ut i mars på ECM til strålande kritikkar.

Saumur er eit norsk-islandsk prosjekt med Skuli Sverrisson, Hilmar Jensson og nemnde Arve Henriksen. Resultatet av det musikalske møtet vart gjeve ut på selskapet Mengi i 2016, mottok særs gode kritikkar og vart nominert til fleire prisar. Musikalsk sett er Saumur ein meir kontemporær konstellasjon der inspirasjonen frå moderne jazz pregar lydbiletet, men samstundes med klangen av Norden som raud tråd i musikken.

Prosjektet Rimur & Saumur hadde konsertpremiere 21. januar 2017 i Hallgrímskirkja i Reykjavik, så publikummet til Riksscenen vert av dei fyrste som får låne øyra til kva dei særs røynde og anerkjende musikarane har klart å koke saman i fellesskap.

 

Anna Maria Friman – vokal
Linn Andrea Fuglseth – vokal
Berit Opheim – vokal
Arve Henriksen – trompet, elektronikk, vokal
Hilmar Jensson – gitar
Skúli Sverrisson – bass