Tysdagar på Cafeteatret
Riksscenen sitt vårprogram 2008
17. juni - SKÁIDI - siste vårkonsert
Joikaren Inga Juuso og jazzbassisten Steinar Raknes byr på eit grensesprengande møte mellom to tradisjonar der dei manar fram eit rått og jordnært uttrykk.
I duoen Skáidi har dei utvikla ei musikalsk formidlingsevne med ein heilt spesiell energi. Stemningane spenner frå lågmælte lyriske augeblikk til det fandenivoldske og energiske.
Juuso er ein joikar som osar av vitalitet og livskraft, og har gjennom eksperimentering jobba for å utvikle og fornye den tradisjonelle samiske musikken. Raknes har som ein av Norges fremste jazzbassistar ein uredd og eksplosiv spelestil, og er ein anerkjend låtskrivar og improvisatør.
Skáidi har lausrive jazzen og joiken frå sine respektive tradisjonar, og skapt eit nytt og sjangeroverskridande uttrykk. Dei utfordrar rammene og fyller dei med eigne visjonar. To sterke personlege uttrykk smeltar saman, og i møtet mellom struktur og improvisasjon oppstår det ein spontant og leikande musikk som gjev publikum ei nyvunnen tru på eventyr og underjordiske landskap!
![]() |
| Sara Chen og Steinar Ofsdal |
3. juni - SARA CHEN OG STEINAR OFSDAL
Det unge fiolintalentet Sara Chen og fløytevirtuosen Steinar Ofsdal tek deg med på ei reise inn i den kinesiske musikken sitt skattkammer gjennom nye og friske tilnærmingar.
Fiolinisten og fløytespelaren, den unge og den eldre, den framoverstormande og den erfarne. Det er mange måtar å karakterisere desse to tilsynelatande svært ulike musikarane på.
Trass ulikskapane har dei mange møtepunkt. Chen har sin familiebakgrunn i Kina, og Ofsdal har hatt langvarige samarbeidsprosjekt i kinesisk musikkliv. Han har dessutan ei fortid som klassisk cellist og kontrabassist. Og Chen har gjennom oppveksten i ein kinesisk familie tilnærma seg den tradisjonelle kinesiske musikken.
Med desse utgangspunkta rører dei seg musikalsk langs to aksar; Kunstmusikken og tradisjonsmusikken. Med tydelege og personlege uttrykk sameinar dei to musikarane energien frå ulike stilartar, geografiske stadar og tidsepokar i ein konsert der dei skapar eit nytt og spennande bilde av kinesisk musikk av i dag.
![]() |
| Birger Mistereggen, Ragnhild Furholt, Leiv Solberg |
20. mai - RAGNHILD FURHOLT
Møt ein av norsk folkemusikk sine mest markante kvedarar, og la deg forføre av ei stemme som kan trylle fram stemningar du ikkje eingong ante fanst.
Saman med multiintstrumentalisten Leiv Solberg og perkusjonisten Birger Mistereggen byr Ranghild Furholt på songar om både lykkeleg og ulykkeleg kjærleik, samt ei og anna vise som av ulike årsaker ikkje har tolt dagens lys før…
Furholt kjem frå Songdalen i Vest-Agder og har hatt folkemusikken med seg sidan barndomen. I gamle notemanuskript har ho funne skjulte songskattar, og desse særprega steva og balladane har fått eit levande folkemusikalsk uttrykk i samspelet med Solberg og Mistereggen.
Det er likevel det tradisjonelle som står i sentrum når Furholt formidlar sine vakre og gripande songar.
For debutplata "Segner Syng" fekk Furholt Spellemannprisen 1997, og i fjor kom ho med plata "Lån meg vengjene". To gonger har ho fått tildelt Statens kunstnarstipend. Heile fire gonger har ho vunne Landskappleiken, og i 2001 fekk ho Kongepokalen i sølv.
![]() |
| Rolf-Erik Nystrøm, Kouame Sereba |
6. mai - DOZO
Møt to musikarar som har ei eineståande evne til å by på seg sjølv gjennom sjangerlaus og leikande musikk!
Multiinstrumentalist Kouame Sereba og saksofonist Rolf-Erik Nystrøm tek deg med på ei reise i moderne afrikansk musikk ispedd ei god dose improvisasjon og speleglede.
I meir enn 25 år har Sereba frå Elfenbeinskysten formidla musikk i toppklasse til det norske publikummet. I samarbeid med andre musikarar rører han seg elegant mellom både folkemusikk, samtidsmusikk og moderne afrikansk musikk. Hans unike evne til å skape sitt eige magiske rom gjennom musikken gjer han til ein musikar i verdsklasse. I 2005 fekk Sereba TONO sin 75-årsjubileumspris.
Nystrøm har eit uvanleg breitt verkeområde. I den eine augneblinken spelar han samtidsmusikk i trioen POING, i den neste står han som solist framfor eit orkester, og rett som det er utfordrar han musikken i samspel med Sereba i Dozo. Han har fått ei rekkje prisar for musikken sin, og gav ut plata "Concpets of Sorrow & Dangers" i 2006.
![]() |
| Clare Salaman, Eléonore Billy, Anne Hytta |
29. april - SYM
Med hardingfele, nyckelharpe og dreielire skapar musikarane i SYM eit varmt, klangfullt og overtonerikt lydbilde som er både friskt og brusande.
I møtet mellom tre musikarar frå tre ulike land og med tre ulike musikalske ståstader, har det oppstått eit spennande og originalt musikalsk landskap inspirert av folkemusikk frå Skandinavia og Nord-Europa.
Len deg tilbake og nyt klangen, eller la deg rive med av rytmane. Med eit smakfullt tonespråk byr SYM på både frisk dansemusikk og vakre balladar.
Anne Hytta er ein av dagens fremste hardingfelesolistar, og for debutplata "dag, kveld, natt" vann ho Folkelarmprisen 2006. Ho er aktiv låtskrivar og musikar i ensemble som Slagr og Dei Beste Damene. Franske Eléonore Billy blir kalla den franske nyckelharpedronninga, og medverkar i ei rekkje ulike ensemble. Britiske Clare Salaman er barokkfiolinst, og er solist og orkestermusikar i London. I tillegg spelar ho ei rekkje andre instrument.
På Caféteatret slepp SYM debutplata si "Symbiosis".
![]() |
| Dylan Fowler |
Gjest: Dylan Fowler
Walisaren Dylan Fowler dukkar opp som gjest med eit eige solosett på SYM sin norske debutkonsert.
Han har utvikla sin internasjonale karriere som gitarist både som solist og saman med artistar som britiske Danny og Richard Thompson, Husna Arslan i Tyrkia, den kanadiske gitarvirtuosen Don Ross og Akash Deep i Rajastan. I dei siste åra har han turnert med den austeuropeiske gruppa Szapora, og har gjort innspelingar og turnert saman med ein av dei finaste moderne folkesongaren på dei britiske øyar i dag, Julie Murphy.
SYM sin debutplate "Symbiosis" er spelt inn i Dylan sitt studio, Stiwdio Felin Fach, med Dylan som produsent, og den blir gjeven ut på Dylan sitt plateselskap, Taith Records.
Meir om Dylan Fowler og Taith Records
Alle konsertar:
Stad: Caféteatret, Hollendergata 8, Oslo.
Billettar: Vaksen kr 175 / student, honnør og bokklubb-medlem kr 125. Prisar inkl. billettavgift. Tinging hos www.billettluka.no eller på tlf. 815 11 500. Billettsal i døra frå 18.30 konsertdagen.









