I 2016 kjem den etterlengta andreskiva til kvartetten RANT, som trass kort tid som band har etablert seg som eit av dei meir innflytelsesrike på den britiske folkemusikkscenen. RANT er møtet mellom fire av dei beste felespelarane i Skottland, to frå Shetland og to frå “Highlands”. Sarah-Jane Summers, som me kjenner godt her i landet, Bethany Reid, Jenna Reid, og Lauren MacColl er alle kjende musikarar som solistar og frå eit stort antal band og vil med RANT feire felespel og fela, som dei alle er særs glade i, med lyden av fire feler som utgjer ein nydeleg sound.

“An irresistible journey through reels, strathspeys and jigs” - Songlines

Den sjølvtitulerte debutskiva “RANT” frå 2013 vart særs godt motteke av publikum og kritikarar i heimlandet, og sidan den gong har kvartetten spelt på store festivalar og halde klubbkonsertar over heile Storbrittania, Irland og Skandinavia og utgjorde felerekkja til folkemusikkstjerna Julie Fowlis på hennes seiste utgjeving “Gach Sgeul”. På den nye utgjevinga til RANT fortset samarbeidet med Julie i tillegg til den skotske songaren Ewan McLennan.

“This is dignified, deep and profound music.” - fRoots

Vel møtt til skotsk felebonanza!

Bethany Reid - fele, Jenna Reid - fele, Sarah-Jane Summers - fele, Lauren MacColl - fele