Lost Soul
Kortfilmen "Lost Soul" kombinerer stumfilm, dans og musikk. Filmen fortel historia om ein djevel som plutseleg dukkar opp i ein karelsk landsby, og er filma i det russiske området Karelen i 2014. Filmen er ein del av Anne-Mari Kivimäkis kunstnariske doktorgrad ved Sibeliusakademiet, og skodespelarane er medlemmene i bandet Puhti. Filmen er regissert av Tommi Kainulainen, som også har laga manus, og vert vist med levande følgjemusikk ved Anne-Mari Kivimäki. Kortfilmen varer i 18 minutt og hadde premiere i januar 2015.  

Anne-Mari Kivimäki – trekkspel, vokal, stompbox
Samuli Volanto – lyddesign
 

Puhti – vonde viser
Duoen Puhti er ein kombinasjon av kabarét, folkemusikk og performance. Framsyninga dei kjem til Riksscenen med denne gongen, har dei kalla «The song of evil», og ho fortel historier om fleire tragiske og uunngåelege menneskelege skjebnar gjennom musikk og dans. Konserten, eller framsyninga, er også ein del av Kivimäkis doktorgradsavhandling ved Sibeliusakademiet, og er ein del av ein konsertserie ho har kalla Suistamo.

Anne-Mari Kivimäki – trekkspel, vokal, stomp box
Reetta-Kaisa Iles – vokal, dans