To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine gamle ord, og har med seg eit nytt album. Tuba-virtuosen Lars Andreas Haug ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng. 

Til Byen det berer. Eg lyfter på Hatt. God dag Hovudstaden: i deg er det best: der finn eg dei Beste, der lærer eg mest.

Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste. 

«Perleskum» spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga av Førdefestivalen 2018.

 

Jorun Marie Kvernberg – fele, hardingfele, song og komposisjonar
Unni Boksasp – folkesong, zitter
Lars Andreas Haug
 – tuba
Dag-Filip Roaldsnes – piano
Aasmund Olavsson Vinje – skarp penn