Slåttekomponisten Per Bolstad er med sine om lag 600 komposisjonar ein av Vestlandet sine største kunstnarar gjennom tidene. Bolstad etterlet seg mellom anna ein stor produksjon av slåttar og runddansmusikk som det har vore enorm interesse for både i Noreg og elles i Skandinavia.

Dei siste åra har musikarane Håvard Svendsrud og Arvid Engegård vore drivkreftene bak fleire store musikkprosjekt der Per Bolstads musikk har stått i sentrum. Det har vore CD-utgjeving til strålande kritikkar, og fleire konsertturnear i Noreg, for å nemne noko. Konsertprogrammet «Per Bolstad i ord og tonar» har slått svært godt an blant publikum, og Svendsruds unike seksmannsensemble er då heller ikkje kvardagskost for konsertpublikummet.

Konsertkåseriet «Per Bolstad i ord og tonar» tek føre seg viktige hendingar i Bolstads karriere, og ensemblet framfører eit rikt utval av komposisjonane hans.


Håvard Svendsrud –  trekkspel
Arvid Engegård – fiolin
Mari Lerseth – fiolin
Bente Midtsveen – trekkspel
Rolf Erik Syversen – gitar
Svein Haugen – kontrabass