Vi er veldig svake for ekte og suggerande musikk spelt av glade og ekte musikarar, og vart difor veldig forrnøgde då vi høyrde om Øyvind Sandum Trio! Dei er ferske som trio, men har kvar for seg sterke merittar innan folkemusikk og gamaldans. Vi tør ikkje gjette på kor mange medaljar frå Landsfestivalen dei har til saman, men vi tør påstå at der det finns god gamaldansmusikk er dei neppe langt unna. Trioen sitt repertoar er hovudsakleg tradisjonell musikk frå Ottadalen og Trøndelag, men dei har og gjett plass til eigne kompsisjonar; Dette er gamal musikk ikledd elegante arrangement tilpassa gamle instrument. Fyrste albumet vart spelt inn i vår, no har du moglegheit til å få nyte trioen i levande live, og få med deg skiva heim!

Øyvind Sandum - torader, einrader
Rikke van Ommeren - torader
Ronny Kjøsen - trøorgel, melodica, harmonium