OsloFOLK inviterer til ein heilaften med den heftigaste ungdommelege folkemusikken me har når vinnarane av INTRO-folk og Masterstudentane frå det Nordiske folkemusikkstudiet delar kvelden i klubbscenen.

 

ODDE & HOLMEN
Sivert Holmen og Bjørn Kåre Odde stakk av med sigeren INTRO-folk 2014, og kan difor titulere seg “Årets unge folkemusikarar” etter ei framifrå finale under Folkelarm i september. Det er eit møte mellom to instrument frå to dalføre smeltar saman og byggjer oppunder kvarandre sine klangar og melodiar.
Fele frå Gudbrandsdalen og hardingfele frå Valdres er ikkje den vanlegaste kombinasjonen her i landet, men etter at karane vann gruppespelet under Landskappleiken i 2013 skaut samarbeidet fart, og duoen vart eit faktum.

Bjørn Kåre Odde - fele, Sivert Holmen - hardingfele

RIM
Rim er fire unge tradisjonsberarar, to frå Noreg og to frå Sverige, som saman vert ein grenselaus folkemusikkvartett. To feler, ein torader og ei nyckelharpe slår belg og strenger saman til eit leikande univers der dei stødig spelar rytmisk dansemusikk. Rim er eksperimenteringslyst og improvisasjon i ein stadig pågåande reise gjennom Nordens viser, trekantsvalsar, kadriljer, polsar, reinlenderar og hallingar.

Elin Jonsson - fele, Hilde Fjerdingøy - torader, Sunniva Abelli - nyckelharpe, Jo Einar Tobias Sterten Jansen - fele