Odd Nordstoga, frå Vinje i Telemark, har tolv plater, tusenvis av konsertar og eit uttal radio- og tv-opptredenar bak seg og er folkemusikkens mest kjente utøvar uansett instrument eller uttrykk. Odd fekk sitt fyrste trekkspel som åtteåring, seinare vart det saksofon, piano og gitar m.m., og etter eit år ved Voss Folkehøgskule fyrst på 90-talet vakna også komponisten og låtskrivaren Odd Nordstoga. Fyrst i bandet «Det norske», via «Something Odd» før han gjekk solo i 2000. Etter nokre år med folkemusikk i gruppa Blåmann Blåmann og tingingsverket «Nivelkinn» kom gjennombrotet. «Kveldssong for deg og meg» vart ein superhit i 2004 og Odd vart rikskjendis over natta, tida etterpå har vore ein lang parademarsj for den sympatiske vinbyggjen. Heile tida har Odd veksla mellom popmusikk, folkemusikk, jolemusikk og musikk for born, noko som gjer at han står fjellstøtt på mange føter. Han har trekt med seg element av folkemusikk inn i populærmusikken og nytta folkemusikarar som t.d. Daniel Sandén Warg i banda sine, både på plate og på konsertar. Han har også vore produsent på plater for bror sin Aasmund Nordstoga, Sudan Dudan og no seinast for Morten Abel, alle saman kritikerroste av eit samla pressekorps. Odd og Øyonn Groven Myhren fekk spelemannsprisen for plata Nivelkinn i 2002, han vart årets spellemann samt årets mannlege artist i 2004 og mottok spelemannsprisen saman med Ingebjørg Bratland for plata Heimafrå i 2013. I tillegg har han motteke mengder av andre prisar og utmerkingar. Marit Karlberg frå Øystre Slidre i Valdres er ein av våre fremste tradisjonsberarar av den vokale songskatten i dalføret. I tillegg til å synge fantastisk, trakterer ho langeleik på høgt nivå og kombinerer også desse to uttrykka på meisterleg vis. Både stemma og langeleikspelet har me blitt kjend med gjennom dei tre platene til den kritikerroste duoen Sudan Dudan, der den seiste utgjevinga «Inntil i dag» er produsert av kveldens makker Odd Nordstoga. Marit har også gjeve ut soloplate; "Tre ord te de" kom ut i 2003, ei plate som fokuserer på det nære og familiære. I tillegg har ho vore medlem av vokalgruppa Dvergmål som gav ut to plater tidleg dette århundret. Marit Karlberg ha rein særeigen stemme med sikker stilkjensle. Dei viktigaste kjeldene hennar har vore Ingvar Hegge og faren Rolf Karlberg som diverre nyleg gjekk bort. På repertoaret hennes finn me alle typer vokal folkemusikk; salmer, viser, ballader og bånsullar, likevel er det kanskje slåttehullinga ho utmerkar seg spesielt på. Som ein av dei beste dansarane i Valdres har ho særs god takt, og kombinert med stilrein og fantastisk stemmeføring meistrar ho den formen betre enn dei aller fleste andre.

Odd Nordstoga - vokal, gitar, trekkspel
Marit Karlberg - vokal, langeleik