Plateaktuelle Monoswezi som i desse dagar kjem med plate nummer to, «Monoswezi Yanga», er eit kollektiv med musikarar som opprinneleg kjem frå Mosambique, Noreg, Sverige og Zimbabwe – derav navnet ! Med deira felles lidenskap for den afrikanske musikktradisjonen generelt, og musikk frå Zimbabwe og Mosambique spesielt, søkjer Monoswezi seg mot eit musikalsk uttrykk der respekt for tradisjon møter ulike referanser, musikalske tilnærmingar og påverknader frå moderne vestleg musikk. I tillegg til å tolke afrikansk tradisjonsmusikk står også eigenkomponert musikk på repertoaret til bandet, der ein sterk improvisatorisk tilnærming er sentralt for utviklinga av musikken. Resultatet vert eit luftig og leikent univers der alle inntrykk, uttrykk og tradisjonar uanstrengt smeltar saman i ein stor global smeltedigel.

“A unique sound blending traditional songs from Zimbabwe with Scandinavian Jazz“ - CNN, USA

Debutplata til Monoswezi « The village », utgjeven i 2013 på det anerkjende engelske labelen Riverboat, gav bandet sitt internasjonale gjennombrot. Plata vart motteken med store ord og ovasjonar frå verdspressa med platemeldingar og intervju i kanalar som CNN, BBC, CBC, The Financial Times, The Guardian, The Independent osb, noko som kuliminerte i at ”The Village” vart nominert til den prestisjetunge Songlines Music Awards! Dette førte Monoswezi ut på vegen og bandet har turnert i Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, England, Sør-Afrika, Zimbabwe, Mozambique, Malaysia og Kina.  

”Even though we're only a week into January, I feel confident their strikingly atmospheric debut album The Village will be on my end-of-year list for 2013."  -The Independent, UK

 

Hope Masike - vokal, mbira, perkusjon

Calu Tsemane - vokal, perkusjon

Hallvard Godal - saxofon, klarinett

Putte Johander - bass

Erik Nylander - trommer, perkusjon