Riksscenen nyproduksjon
09
fredag
22
sep. 2017
Dørene åpner 1900
Konsert 2000
Billett 250/150
download
TFF_sort_uten
ARRANGEMENTET ER AVLYST

Tidekverv – solsnufeiring

MAURSETH/OPHEIM

«Tidekverv» er eit nytt folkemusikkverk komponert av Berit Opheim og Benedicte Maurseth, tileigna dei fire viktigaste datoane for solsnu i året: vårjamdøgn, sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv.

«Tidekverv» er etter ein idé av Benedicte Maurseth, inspirert av Draumkvedet, både som diktform, men også som eit slags musikalsk ritual, sidan Draumkvedet hovudsakeleg vert framført 13. dag jol kvart år. Ønsket med «Tidekverv» er såleis å hylla ei eldre diktform med ny folkemusikk, og framføra musikken berre i periodane for solsnu.
Verket inneheld lydarspel, gangarar, springarar og fire nye balladetekstar tileigna det mest essensielle i liva våre – sola, og dei ulike årstider den oss gjev. Balladane er skrivne av diktarane, Bergsveinn Birgisson og Erlend Nødtvedt, og skildrar alt som mognar og gror, at ein «vil elska, syngja, tru», sommarnåden, grøda, og til slutt det stigande mørkeret, som endar med omkvedet «Eg takkar deg Gud at sola snur, uansett på kva ein trur».
Musikken er arrangert i samarbeid med musikarane, Rolf Lislevand og Håkon Stene, og gjev det folkemusikalske uttrykket i verket fargar og impulsar frå både barokk, samtidsmusikk og meir fri improvisert musikk.
Tidekverv var uroppført vårjamdøgn under Oslo Kirkemusikkfestival i 2017, og vitjar no Riksscenen, på sjølvaste datoen for haustjamdøgn, 22. september.

Benedicte Maurseth, hardingfele, song
Berit Opheim, song
Rolf Lislevand, lutt, el-gitar
Håkon Mørch Stene, vibrafon, perkusjon

#3981968