Scenen i serien “Tett På” er denne gong dekt opp for to gode vener, frå to heilt ulike tradisjonsområde, når Lars-Ingar Meyer Fjeld og Mads Kuraas kjem til hovudstaden for å syne oss dei muskalske kunstene sine.

Hardingfelespelemannen Lars-Ingar Meyer Fjeld (f.1992) kjem frå folkemusikkmetropolen Sandefjord. Han har det aller meste av spelet sitt frå Telemark, ein tradisjon han har lært av storspelemenn som Ottar Kåsa, Per Anders Buen Garnås og Christian Borlaug. Lars-ingar har fleire topplasseringar på kappleikar og gav ut soloplata “Hardingfele” i fjor, ein utgjeving som vart nominert til Spellemannprisen!
Mads Kuraas frå Røros spelar sjølvsagt fele, men trakterer også hardingfele på beste vis. Han har studert ved både Ole-Bullakademiet og gått på folkemusikkstudiet på Rauland der han no held på med masteroppgåve. Av læremeistarar kan nemnast Sven Nyhus og Olav Luksengård Mjelva som han gjekk til medan han tok utøvarstudiet på Voss.

 Etter konserten skal Tett på-general Ola Bø finne ut kvifor desse to karane frå kvar sin del av landet har funne tonen så godt saman, og kva som evt er felles for musikken dei representerer.

 

Mads Kuraas – fele
Lars-Ingar Meyer Fjeld – hardingfele