Team GløsTøs har bursdag, og det feirast med konsert og dansekveld. I tillegg til jubilantane, blir både Gudbrandsdølenes og Sofienberg spelemannslag å sjå i løpet av kvelden. 

 
I år feirar Team GløsTøs 10 år, og på denne jubileumskvelden vert det sveitting, drikking og dans for alle penga’. Team GløsTøs er folkemusikkens svar på Satyricon, Atomic, Madonna og Berlin Filharmonien. Kom og opplev dette fantastiske livebandet med Norgesrekord i vekttal! Team GløsTøs har gjort furore på undergrunnscenene i Trøndelag, Irland, Sverige, Svalbard og dei fleste dalstroka innafor – no er dei klare for Riksscenen!

Team GløsTøs er det legendariske spelemannslaget som vart etablert blant studentar i Trondheim i 2004. Laget debuterte på Landskappleiken i Eidfjord med ein 4.plass i lagspel og feira deretter i 3 dagar til ende. Av konkurransemessige høgdepunkt kan sigeren i nordisk meisterskap i folkemusikk i 2008 nemnast, for ikkje å gløyme 2.plassen i lagspel på landskappleiken i 2009 og 2013, der Team GløsTøs atter ein gong beviste at dei er Norges beste hardingfelespelemannslag. Torkjel Bruland Lavoll var lagets første leiar, Ingrid Stuhaug tok over i 2010, og dagens leiar er den alltid like smashing Ingrid Heieren - som med sin stilreine touch av glamour leiar laget med stø hand. Team GløsTøs har som målsetting å spele best, sjå best ut og legge seg sist og fullast. Dei er kjend for knallhardt, kompromisslaust hardingfelespel der dei gjev alt.