KVAR SONG EI SOGE

Amanda-nominert for beste dokumentar!
Regissøren Aslaug Vaa har tidligere produsert flere kort filmer og regissert den prisbelønte «Sing Singeling». 

Opp gjennom hundreåra har songtradisjonen, eller kvedinga, hatt ein viktig plass i norsk kultur. «Kvar song ei soge» er ein film om dei som syng, som set pris på og fører desse songane vidare den dag i dag.
I songen skaper folk rundt Møsvatn, høgt til fjells, 900 moh. og tett på Hardangervidda, meiningsfulle forteljingar i og om liva sine. Songane bind saman fortid og framtid, minne og forventningar. I eit ubrote samspel fortel songen historier og skaper historie. Slik blir kulturarven levande i kvardag og fest frå vogge til grav.
Filmen handlar om å ta vare på ein eldgamal tradisjon og å utvikle han vidare.

KONSERT
Før filmen vert det konsert med blant anna songarane i filmen. Randi Øverbø Hove, Inger Lien, Halvor Nordjordet, Kjell Hove og Marthe Nordjordet er alle røynde songarar og tradisjonsberarar frå Møsstrond og Rauland.

DANSEFEST
Etter filmframsyninga vert det dans til hardingfeletonar av  Lars Erik S. Øygarden som er med i filmen om folket og folkemusikken der oppe i fjellheimen.
Aaslaug Vaa – regissør av «Kvar song ei soge»
Inger Lien – vokal
Randi Øverbø Hove – vokal
Marthe Nordjordet – vokal, gitar
Kjell Hove – vokal
Halvor Nordjordet – vokal
Lars Erik S. Øygarden – hardingfele