Linda Gytri stiller med trio frå det absolutte toppskiktet og slepper plata Audire på Riksscenen.
Trekkspelpoesi og gladmelankoli! Norskfinske Linda Gytri Trio inviterer publikum med inn i søte, små historier frå både kvardag og fest. Leikande, drøymande og med intens musikalsk kraft fortel musikken deira om ei smilande Svarvesol, metallinspirerte Eurax Polka, sprudlande Gabriel i glaskarmen og det vakre ved å ligge under ein vestlandsk apal og berre kvile. Gytri har i denne trioen fått følgje av den finske pianolegenda Timo Alakotila (JPP, Nordik Tree, Maria Kalaniemi Ensemble) og superbassist Anders Bitustøyl (Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band). Musikarane har solid forankring i ulike sjangrar kvar for seg – nordisk folkemusikk, pop, reggae og finsk tango! Saman møtest dei i Gytri sine folkemusikalske komposisjonar til ei ny musikalsk verd – midt mellom land, fri for grenser og ope for overaskingar. Våren 2015 kjem deira første felles plate – Audire.

Linda Gytri - trekkspel
Anders Bitustøyl - kontrabass
Timo Alakotila - piano & trøorgel