Denne laurdagskvelden startar opp med eit Fyrispel der hardingfelemakaren Olav K. Venås står i fokus, både i soger, feler og tonar.

 Lars-Ingar Meyer Fjeld frå Sandefjord, er ein av landets fremste spelemenn på hardingfele, og I februar 2022 synte han fram enno fleire talent då han gav ut bok om hardingfelemakaren Olav K. Venås. Lars-Ingar har samla stoff om felemakaren i mange år og under denne konserten vil han presentere felemakaren Olav K. Venås gjennom ord og slåttemusikk frå Telemark spelt på Venåsfeler. Det blir mulig å kaupe boka samt få ein kikk på eit utvalg Venåsfeler på nært hold.

 

Lars-Ingar Meyer Fjeld - hardingfele