13. februar er det duka for plateslepp på Riksscenen!
Med eit fokus på den vokale folkemusikktradisjonen i Hallingdal, byr Kvedarkvintetten på ein variert konsert. Det blir servert alt frå fartsfylte songar og unison låttetralling til fleirstemte og lyriske viser. 
Kvedarkvintetten består av fem songarar frå den vesle bygda Torpo i Hallingdal. Dei er to + tre systrer; to blad Risdal Liahagen og tre blad Myhr. Den eldste var 9 år og den yngste 3 då dei møtte kvarandre for fyrste gong på kvedarundervisninga til Gunnlaug Lien Myhr på Torpo. Her la dei grunnlaget for det som seinare skulle bli ei felles brennande interesse for den vokale folkemusikken og for a capella song i fleirstemte arrangement. 
I haust tok dei steget inn i studio, og 13. februar kjem dei til Oslo klare for å sleppe debutalbumet!

Margit Myhr - vokal
Sina Myhr - vokal
Helga Myhr - vokal
Tonje Risdal Liahagen - vokal 
Silje Risdal Liahagen - vokal
 
foto: Signe Fuglesteg Luksengard