“Tagal” kan oversetjast med å vera stilltiande, taus eller ordlaus og verket utfordrar rammene for vokalmusikk ved at tekstelementa er så godt som fråverande.

Å 'låte på kjafte', altså å synge instrumentallåttar, er ei grein innanfor den tradisjonelle folkesongen. Kvedarkvintetten har dei siste åra særleg gått i djupna på låttetralling. Med improvisasjon i eit ordlaust språk set dei saman småstavingar og finn fram til dei lydane som kan etterlikne t.d. felespelet best, i form av rytme og frasering. Dette er eit personleg og individuelt språk som kvar enkelt utøvar utviklar og er åleine om, og det er såleis unikt for Kvedarkvintetten å finne eitt felles trallespråk for fem stemmer.

Den prislønte komponisten og musikaren Jorun Marie Kvernberg har lang erfaring med å komponere ny musikk med røter i folkemusikken. I 2020 vart ho tildelt arbeidsstipend frå Statens Kunstnarstipend som populærkomponist og er hittil einaste folkemusikar tidelt TONO sin Edvard-pris. Ho er gjerne mest kjend frå gruppa Majorstuen (2000-2020), der ho komponerte mykje av materialet for fem strykarar.
Kvernberg har ein sterk fascinasjon for stemmer som instrument og moglegheitene som opnar seg når instrument blir erstatta av vokalistar, og særleg då ei gruppe som har folkesong-kodane fremst i sitt uttrykk. Slik har samarbeidet mellom Kvedarkvintetten og Kvernberg vorte til.

Kvedarkvintetten består av fem folkesongarar frå Hallingdal. Gruppa har vore sentral på den norske folkemusikkscena gjennom mange år, og har fleire spanande prosjekt bak seg, blant anna plata Julesong (Grappa) som kom ut i 2017. Kvar for seg er dei framtredande utøvarar innan folkemusikk og folkedans, og til saman er dei ei av dei ledande vokalgruppene i Noreg som dyrker folkesong i a capella format.

Margit Myhr – vokal, Sina Myhr – vokal, Helga Myhr – vokal, Tonje Risdal Liahagen – vokal, Silje Risdal Liahagen – vokal