Felespelarane Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad møttes som studentar ved Ole Bull Akademiet for 20 år sidan. I 1996 utgjorde dei halvparten av det aller første studentkullet på Ole Bull Akademiet på Voss. Ei unik speleglede og duo oppstod. Med utgangspunkt i den vestlandske slåttemusikken hentar dei sin inspirasjon. Dei har eit særeige driv og kraft i samspelet sitt og utfyller kvarandre  godt. Dei har skrive låtar saman og kvar for seg, dei har utfordra slåttemusikken men kjem alltid tilbake til den unike krafta dei kjenner når dei spelar saman. Dei siste par åra har Liv Merete og Sigrid lete studiar, solokarrierar, born og anna teke meste av tida. Men når dei møtes for øving eller gjer sjeldne konsertar saman, er det mest som tida har stått stille.  

”Ei tjue år gamal musikalsk forelsking”, kallar dei det sjølv.. 

"Those who have seen them in concert will not fail to rediscover in this recording, the energy and symbiosis that bonds these two musicians. I confess I am under their spell."  - Trad Magazine, France

Åra saman har teke dei til alt frå finalen i Eurovision med Christine Gulbrandsen, turnear i utlandet med band,  musikal, rikskonsertane og festivalspelingar. 

Plater: Sigrid Moldestad & Liv Merete Kroken ” Spindel” (2001) Spindel  ”Aminje” ( 2006) 

Sigrid Moldestad - fele, hardingfele, vokal
Liv Merete Kroken - fele, hardingfele, vokal