Dei aller fleste ungdomar som vaks opp på 60-talet kasta seg på den nye ungomskulturen. Slik var det og i heimbygda Granvin. Rundt jukeboksen på den lokale kafeen samla dei unge seg rundt dei nyaste Beatles-låtane. Men ein gut let seg ikkje lokka inn. Han hadde heilt andre interesser og gjekk målbevisst forbi på veg til læremeistaren for å tileigne seg ein ny slått. 

Snart 60 år seinare er Knut Hamre framleis meisterspelemannen, og i denne forestillinga fortel han om livet som folkemusikkutøvar. Om oppturane og skuffelsane, om menneska som fekk ekstra mykje å seie for han som spelemann. Sjølvsagt høyrer me han framføre slåttar han har eit nært forhold til, og me dukkar også ned i filmarkivet og gamle historiar du garantert ikkje har høyrt før.

Programleiar og intervjuar er ein av dei som stod rundt jukeboxen på den lokale kafeen, journalist og frilansskodespelar Nils Erik Kvamme. 

Knut Hamre og Nils Erik Kvamme er gamle klassekameratar, men sjølv om dei både musikalsk og geografisk vart skilde etter framhaldsskulen, har dei halde nær kontakt i alle år. I 1984 lagde dei programmet «Slåttar frå Hardangar» som vart vist på Landskappleiken i Odda. Dei har og laga fleire folkemusikkhalvtimar og forestillingar saman.

Knut Hamre frå Granvin har vunne Landskappleiken sju gonger. Han vann Myllargutprisen i 1986, Edvard Grieg-prisen og Hilmar Alexandersens minnepris i 1993, Anders Kjerlands minnepris i 2000 og saman med Bjarne Herrefoss og Hallvard T. Bjørgum vann han spelemannsprisen i 1988. Han fekk og Folkelarmprisen solo i 2014 saman med Alexander Aga Røynstrand og Åse Teigland for prosjektet «Spelarhola». I 2019 vann han Folkelarmprisen i klassen dokumentasjon for «Slåttar frå Granvin». Knut har heilt sidan 1980-talet vore kulturskulelærar i heile Hardanger og har i løpet av desse åra lært opp nærare 1.000 elevar i hardingfele. I 2017 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs orden for sin framståande innsats for norsk folkemusikk.  

Nils Erik Kvamme kjem og frå Granvin, men har budd i Larvik det meste av sitt vaksne liv. Han er journalist og frilansskodespelar og har alltid hatt ei nært forhold til folkemusikk. I perioden 1985-91 var han medlem av gruppa «Mors Beste Barn» som i 1991 gav ut plata «Første varsel». Nils Erik var og i fleire år bidragsytar til NRK-programmet «Hallo i uken», og har gjennom heile sitt vaksne liv regissert teater- og revyforestillingar over heile Vestfold.