Riksscenen nyproduksjon
(c) knut utler
søndag
26
feb. 2017
Dørene åpner 1400
Konsert 1500
Billett 200/120
Riksscenen_vår2017_pdf__side_21_av_43_
Månedens artist mars 2017
ARRANGEMENTET ER AVLYST

TETT PÅ

KNUT BUEN

Denne søndagen vert det høve til å bli betre kjend med musikaren, kunstnaren og mennesket Knut Buen, som er månadens artist på Riksscenen i mars. Knut kjem frå ein lang familietradisjon innanfor folkemusikk og folkekunst, ein arv han har både vidareført og vidareutvikla gjennom ord, tonar og folkekunst.
Knut er blant våre beste og høgst dekorerte spelemenn. Det kan nemnast at han er statsstipendiat frå 1989, og at han vart slegen til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1999. I tillegg har han vunne Spellemannprisen to gonger og motteke ei rekkje prisar og utmerkingar, m.a. Myllargutens gullmedalje 1979, Telemark fylkes kulturpris 1986, Hjartdal kommunes kulturpris 1989, Lindemanprisen 1992, Rff-prisen i 1993, vart heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn 1998, mottok Hilmar Alexandersens musikkpris i 2007 og Gammlengprisen i 2008. Det vert ein intim konsert med Knut Buen før Ola Bø kjem på podiet og har ei samtale med Knut om livet, folkemusikken og andre viktige ting slik at ein kjem endå tettare på tusenkunstnaren frå Tuddal.

Knut Buen – hardingfele
 

 

 

Øvrige konserter med Knut Buen på Riksscenen:

 
 
#3747767