At Knut Buen er ein fabelaktig spelemann og ei sentral tradisjonskjelde, er dei fleste klar over, men at han i tillegg har komponert mengder med slåttar og skrive store mengder tekstar og laga melodiar i ei årrekkje, er ikkje like kjent i allmenta. Denne konserten er vigd virket til Knut som diktar og tonesetjar, og me vert inviterte inn i det lyriske universet til tusenkunstnaren frå Tuddal.
 tillegg til Knut Buen står eit knippe strålande musikarar og tolkarar av hans materiale på Riksscenen denne kvelden.   
Anne Gravir Klykken er folkesongar frå Skien i Telemark. Ho har gjeve ut to soloplater og hatt mykje samarbeid med Knut Buen, m.a. på platene «Von» og «Tonebod». Anne har også samarbeidd med musikarar som Iver Kleive, Bugge Wesseltoft, Ingebjørg Harman Bratland, Aasmund Nordstoga, Audun Kleive, Helge Andreas Norbakken, Mattis Kleppen, Sigmund Groven og Bjørn Kjellemyr.
Øyonn Groven Myhren frå Oslo er blant våre aller fremste folkesongarar. Ho er nok best kjend frå framsyninga Nivelkinn, som ho laga saman med Odd Nordstoga, men tolkingane hennar av vokalstoff frå m.a. Telemark og Hallingdal er også svært høgt skatta.
Kjetil Flatland frå Seljord i Telemark er ein aktiv musikar og lærar i inn- og utland. Hans virke omfattar alt frå konsertar rundt om i Noreg til musikkprosjekt i Himalaya og Afrika – for å nemne noko. Debutalbumet hans «Ein song til deg» kom ut i 2015 til strålande kritikkar, eit album som i stor grad var eit resultat av eit mangeårig samarbeid med Knut Buen.

Knut Buen – diktlesing, hardingfele
Anne Gravir Klykken – kveding
Øyonn Groven Myhren – kveding, lyre
Kjetil Flatland – vokal, saksofon
Helge Wahl Flatland – tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård – gitar
Andreas Hamre – bass
Ivar Loe Bjørnstad – trommer