Konseptet Dansekonsert har vorte svært godt motteke, og OsloFOLK slår til med ikkje mindre enn to dansekonsertar i vår! Som vanleg inviterast dei OsloFOLK tykkjer er aller best på dansespel, og legg vekt på variasjon i programmet, både i dansetype og instrumentering.
På årets fyrste dansekonsert er det duka for Kristoffer Kleiveland frå Osterøy på torader, Lars Underdal frå Vågslid i Telemark trakterer hardingfele og seist men ikkje minst kjem Tom Willy Rustad med instrumentparken sin - kven veit kva multiinstrumentalisten dreg med seg denne gong! Til saman utgjer dei tre karane eit strålande lag som garantert bjoder taktfast og variert dansemusikk frå store delar av Sør-Noreg. Kvelden er akustisk, og det er godt rom for både dansing, lytting, sansing, nyting og sosialisering.

Få på deg danseskoa og ta turen til Riksscenen!

Kristoffer Kleiveland - torader, Lars Underdal - hardingfele, Tom Willy Rustad - diverse instrument