SYNG DU MI RØYST
Det er 25 år sida Kirsten hadde sin fyrste konsert med Arild Andersen, ein duokonsert på Arendal Musikkfestival. Året etter skreiv Arild tingingsverket “Sagn” til Vossajazz, som i hovudsak byggjer på Kirstens repertoar; viser og stev frå Agder og Telemark. Tingingsverket “Arv” skreiv han til Griegjubileet i 1992, saman med Kirsten som bearbeidde folkeviser frå Grieg sine notesamlingar. Desse to verka har ført dei til fleire land i Europa, Usa og Brasil, og fleire lange turnear i Noreg. På Kirstens viseplate SYNG DU MI RØYST er fleire frå Arild Andersen Group med, to av dei er og med her på Riksscenen. Konserten i kveld vil innehalde musikk frå dei tre nemde produksjonane, med andre ord kjem godbitane på rekke og rad!

Kirsten Bråten Berg - song
Arild Andersen - bass
Paolo Vinaccia - trommer, perkusjon
Tore Brunborg - saksofon
Hans Mathisen - gitar
Nils Økland - feler